Det har kameratane Felix Smenes og Benjamin Fure frå Selje fått erfare denne hausten. Den 19. oktober i år, med utsikt mot øya Selja der klosteret og Sankt Sunniva levde, skreiv dei eit brev og laga ei flott teikning av Titanic. Dei ville gjerne sende brevet per flaskepost ut på det store og ville havet.

I brevet skriv dei: Hei, vi heiter Felix og Benjamin. Vi bur i Selje. Vi er 8 år gamle. Vi bur ved havet. Vi ser av og til havørna. Ser du den?

Her er brevet frå dei to gutane.

Mor til Felix, Therese Lien Smenes, hjelper gutane med adressa og ruller både teikninga og brevet saman, legg det inn i ein plastpose og putter det heile ned i ei stor colaflaske. Pappaen til Benjamin tok med seg flaska og slepte den ut på det store havet. Flaska forsvinn fort ut av synet. Den er på full fart nordover.

Flaskeposten reiste tolv mil.

Etter kort tid strandar flaska på Røsok på Harøya. Den 3. november blir flaska funnen og plukka opp. Her er brevvekslinga mellom den gamle mannen og dei to gutane:

Hei Felix og Benjamin (Røsok 4. november)

Tusen takk for brevet dåkke har sendt meg. Det er ikkje noko som er meir spennande enn å få tilsendt ein flaskepost. Det har eg alltid synest, sjølv om eg no er 60 år eldre enn dåkke (...). Dei fleste av flaskepostane eg har funne har kome frå England og Skottland. Men eg har også funne ein flaskepost som har kome heilt frå Newfoundland på austsida av Canada. Egentleg ganske utruleg. (...) Det hadde vore fint med eit svar der dåkke kan skrive om når flaskeposten vart sendt og litt om dåkke sjølve; kva dåkke gjer på i Selje, kva dåkke er interessert i og slikt. Eit bilete av dåkke hadde også vore fint å få sendt over, men då må dåkke ikkje bruke flaskepost til å sende svaret i. Kanskje kan mor eller far hjelpe til med å sende svaret på epost?

Nok ein gong…tusen takk for brevet.

Beste helsing

Svein Ove

Hei Svein Ove (Selje 26. november)

Så utruleg spennande å få svar på flaskeposten vår (...). Vi heiter som du veit Benjamin og Felix. Vi er 8 år og har budd mesteparten av liva våre i Seljebygda som vi er så glade i. Frå begge husa våre ser vi rett ut på Stadhavet der Hurtigruta går forbi kvar morgon og kvar kveld. Der må den gå i all slags ver. Men det blir betre når Skipstunnelen kjem. Då slepp dei å bli tatt av bølgene, og tryggare for dei å vere der ute. (...) Flaskeposten var sendt ut på det store hav av pappaen til Benjamin, Kjetil Fure den 19. oktober. Han kjørte flaskeposten rett utanfor der vi bur. Der segla den av stad til Harøy og til deg. Det syns vi var superduperbra at du fant den.

Ha det bra oppi der. Er det forresten snø der du bur?

Ha det bra da, kos deg.

Klem frå Benjamin og Felix

*Saka sto først på trykk i avisa Nordre