Splitter nye røyrklokker til ein verdi av over 50.000 kroner skal klinge i Kjølsdalen kyrkje søndag 17. desember. Også splitter nye paukar blir innvia. Alt kjøpt takka vere gåver og tilskot på nesten 280.000 kroner frå privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar, heiter det i ei pressemelding frå musikklaget.

Kjølsdalen skulemusikk skal som vanleg opne julekonserten, først som akkompagnement til allsongen Det lyser i stille grender.

På konserten deltar også Kjølsdalen barnekor og Vindfylla spelemannslag inkludert feleaspirantane og Stårheim songlag. Terje Gilleshammer skal leie julekonserten.