– Vi byrja i fjor og hadde lyst til å gjere det igjen. Ungane, foreldra og vi syns det var veldig kjekt. Så det kan godt vere det blir ein tradisjon, for det har skapt ei forventning blant elevane som går i klassene under at når dei kjem i 5. klasse skal dei få vere med på musikal, seier Anna Nilsen, som saman med Maj Britt Aam Hamre har vore instruktørar for elevane i 5., 6. og 7. klasse.

Skapte eit gjensyn

Onsdag kveld stod 31 elevar på scena i Stadlandet grendehus og spelte musikalen Juleforviklingar, den same musikalen som ungdomslaget sette opp for om lag 20 år sidan.

Rundt 150 publikummarar møtte fram, og etter framsyninga var det berre lovord.

Ho forklarar vidare at både foreldre og lærarar var einige om å ta ein låg inngangssum.

– Vi må få dekka utgiftene, men blir det eit overskot går det til uteområdet på skulen. Det er noko alle kan nytte.

Delte på rollene

Elevane byrja å øve etter haust- ferien, og har brukt ein musikktime i veka. I førre veke brukte dei to musikktimar og i tillegg øvde elevane måndag, tysdag og onsdag.

For at flest mogleg skulle få delta på scena bestemte lærarane seg for å dele på hovud-rollene, som var Jenny, Nisse og mor og far.

– Vi delte på rollene slik at flest mogleg skulle få delta. På scena var det både skodespel, song og hopp og sprett, så eg trur dei fleste gjekk heim med julestemning, seier Nilsen.