– Forhåpentlegvis blir det meir folk på festivalen neste år. No har vi slept dei to headlinerane og så kjem det fleire artistslepp utover vinteren, forklarar Eriksen, som er arrangør for Strandfestivalen saman med Eva Marie Pleym og Kent Rune Bugjerde.

– Det var veldig lett. Målet er at det skal kome minst like mange til neste års festival. Vi har høyrt om folk som vil kome både lokalt og langvegs frå, smiler Eriksen.

Prioriterer festivalen

DDE hadde tilbod om å reise på to festivalar den helga Strandfestivalen går av stabelen. Men det erfarne trønderbandet vel å kome til festivalen, som blir arrangert 7. og 8. juli neste år i Refvik.

– DDE hadde fått ein førespurnad frå ein annan festival, og i tillegg var dei opptekne med å førebu ein konsert i Oslo Spektrum, så dei heldt oss på pinebenken før dei sa ja. Men til slutt valte dei oss fordi dei syns vårt opplegg var meir spennande, seier Rune Eriksen.

– Vi føler at DDE finn seg i den sjangeren vi ønskjer å ha på Strandfestivalen. Dei lagar god stemning, og vi følte at det var riktig å velje dei. I tillegg fann vi ut at om vi skal klare å utvide litt samanlikna med i fjor, så må vi ha noko for å trekke den litt yngre garde. Difor fall vi ned på Tungevaag & Raaban. I tillegg ser vi på dei som litt lokale sidan Tungevaag er frå Stad. Dei sa ja med ein gong, smiler Eriksen.

Gjer endringar

I sommar var festivalområdet delt inn i eit område for dei over 18 år og eit for dei yngre. Slik blir det ikkje i neste år.

– Det kjem til å bli minst like bra som i år. Vi hadde ikkje gått i gang med noko slikt om vi ikkje hadde trua.