Mille Gangsøy frå Skavøypoll, Theptida Barmen frå Raudeberg, Tuva Danielsdotter frå Holvik og Max Marree-Wegman, opphavleg frå Måløy, og familiane deira er med i den nye serien. I kvar sin episode viser dei korleis det er å vekse opp i nettopp deira familie.

– «Bli med heim» er om barns oppvekst i familiar, der familien set spesielle vilkår for korleis oppveksten til dette eine barnet er, seier Westvik i ei melding.

Ho fekk ideen til serien ein feriedag for tre år sidan.

– «Bli med heim» er om barns oppvekst i familiar, der familien set spesielle vilkår for korleis oppveksten til dette eine barnet er, seier producer i NRK Sogn og Fjordane, Eva Westvik, som sjølv er frå Måløy, i ei pressemelding.

Ho fekk ideen til serien ein feriedag for tre år sidan.

– Eg sat på stranda og studerte nokre familiar rundt meg då det brått slo meg at familietemaet kunne bli ein ny barne-tv-serie. Målet med serien er å vise at sjølv om det vi ser rundt oss er ulikt, så er kanskje mesteparten likt.

  • 23. januar: Mille Gangsøy frå Skavøypoll i Vågsøy bur i ein familie med seks søsken.

  • 30. januar: Max Marree-Wegman, opphavleg frå Måløy (no Nederland), har ein far som brått døydde av kreft.

  • 13. februar: Theptida Barmen frå Raudeberg i Vågsøy, blei adoptert frå Thailand til Raudeberg, åtte år gammal.

  • 27. februar: Tuva Danielsdotter frå Holvik i Vågsøy veks opp i ein familie som har som mål å leve berekraftig.