Fort sagt:

Ber inn til den tiande utgåva av datatreff

I år er det tiande gongen Sebastian Fløysand Kvalheim (t.h.) arrangerer Måløy LAN. Han og medarrangørane kan freiste med turneringar i ulike spel og høve til å teste ny teknologi. Her frå arrangementet i september i fjor. Foto: Benedikte Flataker 

Kultur

Sebastian Fløysand Kvalheim arrangerer den tiande utgåva av Måløy LAN 26.–28. januar. Han vart intervjua i vår Fort sagt-spalte fredag:

Namn: Sebastian Fløysand Kvalheim

Alder: 17

Adresse: Måløy

Sivilstatus: singel

Yrke: lærling

Hobby: arrangere LAN

– Kva er Måløy LAN?

– Det er ein samlingsstad for datainteressert ungdom der dei får konkurrere i spel, teste ut ny teknologi og vere med likesinna. Det er veldig sosialt, for det er ikkje slik at ein sit framfor skjermen i 48 timar.

– Kvar held de til?

– Vi blir i Turnhallen, slik som i fjor. Ein merkar ein liten nedgang i talet deltakarar på LAN på landsbasis, så per i dag er Turnhallen stor nok, men vi har jo planar om å vekse og kome oss vidare.

– Kva skjer i løpet av desse LAN-dagane?

– Vi har tradisjonelle turneringar i ulike spel. I tillegg gjentek vi suksessen med at deltakarane kan få teste ut VR-teknologi. Og så blir det døgnopen kiosk.

– Kven passar LAN for?

– Det passar for dei aller fleste, både gutar og jenter, i alle aldrar. Vi har med oss folk frå ni år til dei som har passert 30. I år prøver vi å få med oss litt fleire jenter.

– Billettsalet starta før jul. Korleis er responsen?

– Det er som det plar vere. Det går litt treigt, men vi reknar med å selje ut alle billettane. Så sjølvsikre tør vi vere. Vi har lagt ut 100 billettar til førehandssal. Dei tidlegare åra har vi selt om lag 80 på førehand, og så har vi selt ein del i døra der det har kome folk som vil kjøpe dagspass, og så utvide når dei har sett kor artig det er. Kvart år har det kome nye ansikt, og det er veldig kjekt.

– Måløy LAN vart arrangert første gong i 2013 og dette er tiande gongen du står som arrangør. Kva er suksessoppskrifta di?

– Det er berre å stå på, jobbe og finne på nye ting. Vi er 11 stykk som jobbar heile året. Det har vore ein del utskiftingar i denne gjengen ved at nokre flyttar vekk, men vi prøver heile tida å få med yngre folk slik at dei ein dag kan ta over.

– Kor mykje arbeid er det med å arrangere eit LAN?

– Det er ein god del arbeid, men vi tenker ikkje så mykje over det lenger. Det meste går på autopilot. I tillegg får vi veldig god hjelp frå lokalt næringsliv, både som sponsorar og hjelp med straum og nett. Det lettar jobben og vi er veldig takknemlege for støtta.