Serverer historier frå «gamle dagar»

Harald Husevåg vil dele nokre av sine historier frå oppveksten på Husevåg og om fiskarlivet i «gamle dagar» med publikum.

I tillegg til historiene frå Harald Husevåg vil det bli servert fersk torsk forhåpentlegvis med lever og rogn på Kraftstasjonen. Arkivfoto: Julianne Flølo 

Kultur

Dette skjer på Kraftstasjonen i Måløy 13. januar.

Husevåg har med seg Nils Myklebust som vil stille spørsmåla som mange nok lurer på frå den tida.

– Vi gler oss veldig til å høyre Harald fortelje spennande historier om blant anna fiske etter Grønlandsreka, «Gråtekonene» og om bestemora sin gravferd på Husevåg, heiter det i ei melding frå Kraftstasjonen.

På restauranten i Måløy blir det servert fersk torsk forhåpentlegvis med lever og rogn til hovudrett og mandelkjernepudding med raudsaus til dessert denne kvelden.