Som så mange år tidlegare så feirar Torskangerpoll Musikklag eit nytt år med konsert i Samfunnshallen på Tennebø laurdag 13. januar.

I år blir det mange kjende låtar frå pop-historia der dei lokale artistane Isak Søraa og Håkon Kongshaug er gjestesolistar og skal framføre melodiar dei er glade i.

Konserten er kalla for «Bit for Bit», inspirert av eit ikkje ukjent musikkprogram på NRK.

– Det blir ein svært variert meny med mange kjende låtar, både norske og utanlandske. Det blir mykje populærmusikk som både unge og eldre vil kjenne igjen, seier dirigent for korpset, Lisbeth Helen Våge.

– Eg gler meg til å vise fram korpset til publikum. Vi har mange flinke og stabile musikanter som gjer at det er kjekt å jobbe som dirigent. Det er ein fantastisk gjeng. Og så har vi eit program som eg trur dei fleste vil finne noko dei likar. Det blir flott å vise fram både eigne dyktige solistar og gjestesolistar. Og så har vi no eit par overraskingar på lur. Blir spennande å sjå kva publikum syns om det, seier Våge.

Det blir kjende låtar av mellom anna Elton John, Rolf Løvland, Eric Clapton, Coldplay, Leonard Cohen, Beatles og George Gershwin.

– Vi har brukt hausten og vinteren til å øve fram mot denne konserten som er eit av dei årlege høgdepunkta, seier leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.

Han seier at korpset er i god form og er klare for å gje publikum ein flott musikalsk start på året. Korpset tel 35 musikantar frå heile Vågsøy kommune.

Han kan opplyse om at førehandssalet av billettar er godt i gang, og Samfunnshallen er i ferd med å fylle seg opp. Og det gleder Wåge.

– Det har blitt ein tradisjon at Torskangerpoll Musikklag startar året med nyttårskonsert første helga i januar. Vi pyntar konsertsalen og oss sjølve og trur det kan bli ein flott ettermiddag. Dette er 14. året at vi spelar inn det nye året med konsert i Samfunnshallen andre helga i januar. Vi kan ikkje tenke oss finare måte å starte eit år på enn med musikk, fortel leiar i Torskangerpoll Musikklag, Johan Einar Wåge.

– Vi har hatt godt besøk på nytttårskonsertane våre, og publikum har skrytt av det dei har fått servert. Derfor så føler vi på eit forventingspress som vi håpar å innfri også denne gongen, seier Wåge.