Tid for ti 2018 blir lansert på sjølvaste Olav H. Hauge-senteret fredag 19. januar 2018 klokka 12.30. Aksjonen formidlar nynorsk litteratur til elevar på 7. trinn i norsk skule. 20.000 antologiar blei før jul sende ut til skular og bibliotek i heile landet.

- Vi har auka opplaget med 5.000 antologiar, og det har vore stor pågang for å delta i Tid for ti. Det er stort å få lansere aksjonen på Olav H. Hauge-senteret, og vi gler oss til å kome i gang, seier prosjektleiar for Tid for ti i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø.

Tid for ti blei starta i 2015 og er i samarbeid med Nynorsksenteret. Alle påmelde elevar får ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker tilpassa målgruppa. Ein av tekstane som elevane kan lese, er frå Snilliionen av Arnfinn Kolerud busett på Flatraket.

Olav H. Hauge-senteret, som formidlar Hauge si dikting og lyrikk i mange formar, har fleire opplegg for skuleelevar på ulike alderstrinn. Formidlar ved senteret, Ragnhild Nabben, ser fram til lanseringa og meiner det gir elevar i regionen ein direkte veg inn i aksjonen.

- Vi er glade for at Foreningen !les legg lanseringa av Tid for ti til Hauge-senteret. Å motivere barn og unge til å lese og å skrive, og gje dei eit godt møte med nynorsk, er ein viktig del av arbeidet vårt. I leseaksjonen blir litteraturen eit møtepunkt, og elevane får høve til å diskutere og tenke i forlenging av det dei les. Det skaper samhald og engasjement, seier Nabben.

Følgande bøker er med i Tid for ti 2018:

Villheks – Eldprøva av Lene Kaaberbøl (Samlaget, 2012)

Snillionen av Arnfinn Kolerud (Cappelen Damm, 2017)

Apetryne av Atle Hansen (Samlaget, 2017)

Stamceller av Øystein Runde (Gyldendal, 2017)

Keeperen og havet av Maria Parr (Samlaget, 2017)

Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim (Samlaget, 2014)

Bestem deg, Tony T, bestem deg! av Erna Osland. Ill. av Sigbjørn Lilleeng (Samlaget, 2017)

Svikta av Bente Bratlund (Mangschou, 2017)

Hest, hest, tiger, tiger av Mette Eike Neerlin (Samlaget, 2017)

Glimt av Tor Arve Røssland (Samlaget, 2015)