– Boka handlar om at Bjørnen Tor finn ein vikingskatt. Eg er frå Stårheim, som har ei rik vikinghistorie, så eg ville lage ein hyllest til bygda ved å dikte inn ein vikingskatt. Mamma brukte å leike nede ved elva på Stårheim då ho var lita og har fortalt om at ho fann ting frå krigen. Eg spann vidare på dette og tenkte på kva som hadde skjedd om ho hadde funne ein vikingskatt. Dottera mi er teiknar, så ho har teikna inn vikingar og mor mi som leika ved elva då ho var lita, forklarar Sandvik.

Les meir om «Likestilt» her.

Inspirert av faren sin personlegdom

45-åringen jobbar som lektor og underviser i engelsk, matematikk og musikk på ungdomsskulen i Skodje utanfor Ålesund. Det var først for fire år sidan ho bestemte seg for å følge draumen om å skrive.

– Dette gjorde at eg skjønte at eg trengde å skrive. Mange idear førte til at eg byrja på ei barnebok der eg ville ta med pappa sin personlegdom inn i dette universet. Pappa heitte Tor Bjørnar, så det har blitt til Bjørnen Tor. Bøkene handlar ikkje om livet til pappa, men eg har tatt med dei nysgjerrige og leikne sidene hans, samt haldninga om at dette kan eg klare.

– Då ungane mine var små fortalde eg alltid spontane og teite forklaringar når dei spurde om ting. Dei spurde så om det verkeleg var slik, men då måtte eg vedgå at nei, det var kanskje ikkje heilt slik. Eg boblar over av fantasi, smiler forfattaren.

Tar styringa sjølv

Sandvik kombinerer det ho omtalar som hobbyjobben sin med ei fulltidsstilling som lektor. I tillegg er ho indieforfattar, noko som betyr at ho gjer alt til bøkene sjølv.

– Eg måtte finne ut alt frå korleis ein kan gi ut ei bok, til kva krav som stillast til bilete, oppsett og oppløysing sjølv. Det mest spennande er nok at eg ikkje har vore innom eit forlag som har stadfesta at dette er ein god ide. Eg må stole på min eigen ide, noko som kan vere litt skummelt.

– Bøkene blir gitt ut på nynorsk, bokmål og engelsk, i både hard og mjuk innbinding. Dette er muleg sidan bøkene blir trykte når folk bestiller boka, av eit internasjonalt firma som tilbyr «print on demand»-trykking. I fjor jobba eg meir med å lage bøker enn å få selt dei, og planen er å få ferdig e-bøker og musikkvideoane til bøkene i løpet av året.

Oppteken av likestilling

Forfattaren er også utdanna sosiolog, og har studert korleis vi skaper kjønnsroller i samfunnet vårt.

Som kvinne og lærar er ho også oppteken av likestilling i kvardagen.

– Eg er oppteken av at både jenter og gutar skal bli høyrt og tørre å stå for noko, slår 45-åringen fast.