Jørn Trollebø Kvalheim frå Måløy gir i dag, fredag, ut sin første singel på norsk. Artisten vart intervjua i vår Fort sagt-spalte:

Namn: Jørn Trollebø Kvalheim

Alder: 26 år

Adresse: Oslo

Sivilstatus: singel

Yrke: musikar/artist

Hobby: har hobbyen som yrke

Aktuell med: slepp singelen Ta meg dit i dag, fredag

– Korleis er det å skulle gi ut musikk igjen?

– Sist gong eg gav ut musikk var i 2016 saman med bandet. Eg kjenner på at det er ei stund sidan sist, noko som berre gjer det meir spennande. Eg har gleda meg lenge. Songane betyr mykje for meg, så eg håpar dei gjer det for andre også.

– Dette er første gong du gir ut musikk på norsk. Kvifor har du bestemt deg for å gjere det?

– Eg heldt på å spele inn songen på engelsk saman med Peter Mikkelsen frå Donkeyboy. Då sa han til meg at eg hadde ei veldig spesiell dialekt, og spurte om vi ikkje skulle spele den inn på norsk i staden for. Eg sa til han at det hadde eg aldri gjort før, men at vi kunne teste. Så eg fekk i heimelekse å skrive om songen. Det er veldig skummelt og personleg å synge på norsk, men samstundes kjennest det veldig riktig.

– Kva sjanger finn du deg i?

– Det er vel ein slags indiepop-sjanger. Eg har fått høyre frå Peter og andre i bransjen at det høyrest ut som ei blanding av Sondre Justad og Odd Nordstoga. Eg er veldig fan av begge to, så det kan ikkje vere så gale.

– Kva handlar songen om?

– Eg håpar songen kan bety ulike ting for dei som høyrer på, men for min del så har eg hatt litt heimlengsel her eg sit i Oslo-bygda. Så den handlar om å ønske seg tilbake til den tida då ein budde heime, alt var problemfritt og ein kosa seg med vener og familie. Samstundes er vel det same kjensla ein sit med når ein har det litt vanskeleg i eit forhold. Ein ønskjer seg tilbake til betre tider.

– Er denne singelen ein del av eit større prosjekt?

– Ja, dette er den første av ei rekke singlar som kjem. Eg har signert med plateselskapet Raindrops, og vi har lagt ein plan om å sleppe fleire singlar i løpet av året. Den neste kjem allereie 23. februar, og så har vi planar om ein i mars. Alt er på norsk, men songane er ulike i tematikk og lydbilete, men der er også ein raud tråd.

– Korleis er det å vere soloartist?

– Det er litt skummelt å stå heilt aleine, men samstundes har det gitt meg fridomen til å finne meg sjølv, og det føler eg at eg har klart. Men det skal seiast at eg har fått jobba med mykje flinke folk i prosessen.