Klare for å lage stor musikkfest

Laurdag 20. januar blir det stor fest for alle som er glad i musikk frå Sogn og Fjordane. Det blir konsertar, prisutdeling, talentkonkurranse, direktesendingar og spennande diskusjonar. Alt skjer på den nye Larris Scene i Førde.

Luttprisen: Ronny Brede Aase frå Førde er programleiar, og Iselin Solheim, Alexander Pavelich, musikksjef i NRKP1 Atle Bredal og MGPjr-vinnar Oselie er med som prisutdelarar. Foto: NRK 

Kultur

Mellom anna skal Luttprisen delast ut på eit direktesendt show med fleire av dei nasjonale artistane frå Sogn og Fjordane på scena. Der får du oppleve både Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna og Line Dybedal i løpet av prisutdelinga. Ronny Brede Aase frå Førde er programleiar, og Iselin Solheim, Alexander Pavelich, musikksjef i NRKP1 Atle Bredal og både MGPjr-vinnar Oselie Henden og The Voice-finalist Andrea Santiago Stønjum er med som prisutdelarar.

Direkte på radio og nett-tv

- Vår plan er å lage eit gnistrande show som får deg i feststemning, og som verkeleg viser fram nokre av dei fantastiske musikarane vi har frå dette fylket. Denne gjengen er jo like nasjonale som dei er lokale. Luttprisen blir ein flott måte å heidre dei som har engasjert oss i 2017, seier Stian Sjursen Takle. Han er musikksjef i NRK Sogn og Fjordane og prosjektleiar for Luttprisen. Luttprisen kan du sjå direkte på nett-tv eller høyre på radio. Men håpet er at publikum også fyller den nye Larris Scene i Førde der showet vert arrangert. TV-bilane frå den nye NRK-satsinga "Norge Nå" skal nyttast i produksjonen. Etter showet vert det festkonsert med partybandet "Fargernes Yacht Klubb," der du mellom anna finn Håkon Njøten frå Gulen på scena.

Leitar etter nye talent

Musikkfesten har også vore ute å leita etter heilt nye musikalske talent. Før jul vart det lyst ut ein talentkonkurranse, og denne får finale i løpet av laurdag 20. januar. Det har kome inn spennande ny musikk frå Sogn og Fjordane gjennom konkurransen. No skal ein jury plukke ut tre artistar som får spele finale framfor ein fagjury på Larris Scene tidleg på ettermiddagen. Vinnaren får spele låta si under det store Luttpris-showet seinare på kvelden.

-Dette blir ein flott måte å vise seg fram på, seier Sjursen Takle i NRK Sogn og Fjordane.

Blest for musikkbransjen

Men det skjer mykje anna i løpet av dagen. På dagtid samlast artistar og arrangørar til BLEST, som er eit seminar der ein mellom anna diskuterer korleis artistar kan få låtar på radio og Spotify. Ein av programposten vert også sendt direkte på radio. Der får du møte gjester som Iselin Solheim, Kjartan Lauritzen, Alexander Pavelich og SJUR. Denne radiosendinga går direkte frå lobbybaren til Sunnfjord hotell, og er open for alle.

-Vi gler oss veldig til å samle så mykje bra og flinke folk, seier prosjektleiar Elise Hessevik i BRAK som er ein av arrangørane av musikkfesten.

Stort samarbeid

Det er aller første gong ein slik samla musikkfest vert arrangert i Sogn og Fjordane. Bak står mellom anna BRAK, NRK, Larris Scene, OnCue og Øyre Lyd. Dei har også med seg Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga som i samarbeid støttar musikkfesten.

- Heile denne dagen er starten på det vi håpar kan bli eit einaste stort samarbeid mellom alle som set pris på musikk frå Sogn og Fjordane. Vi er eit lite fylke, og har alt å tene på å samarbeid og hjelpe kvarandre, seier Stian Sjursen Takle.

Røyst på Luttprisfinalistar

Det er heller ikkje for seint å vere med å røyste fram vinnar av Luttprisen. Fram til 15. januar kan du finne din favoritt og gi di røyst på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane. I finalen i år er Erlend Apneseth, Sigrid Moldestad, Kjartan Lauritzen, Silo, Andrea Santiago Stønjum, Oselie, Ketil Thorbjørnsen, Steinar Karlsen, Månevenn, Sjur og Vilde & Anna. Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim, og eit stipend frå Sparebanken Vest. Ein artist vil også under showet få tildelt ein "Vi har trua-"pris, som er eit Furorestipend frå Sparebankstiftinga.

Luttprisen vert delt ut for 12. gong, og tidlegare har desse fått prisen: Eva Weel Skram(2006), Sigrid Moldestad(2007), Generous Days(2008), Håvard Lothe(2009), Sigrid Moldestad(2010), Eva Weel Skram(2011), Vreid(2012), Karl Seglem(2013), Thea Hjelmeland(2014), Good Time Charlie(2015) og Eva Weel Skram(2016).