– Heine besøkte jo Måløydagene i 2016, og det var noko av det beste vi har hatt i Måløy. Så vi tenkte at vi skulle få han tilbake med same konseptet, og fann ut at dette var ei god anledning. Det blir fullt band og god «trøkk», seier Sigbjørn Kvalheim i Musikklubben.

Konserten, med same konsept blir i Turnhallen laurdag 20. januar.

– Vi har lagt ut billettar, og dei som vil kome bør nok vere litt frampå. Vi skal ha ein del bord og stolar, så vi legg ikkje ut meir enn 250 billettar.

Kvalheim fortel vidare at jubileet vil bli markert ved fleire høve i 2018.

– Dei fleste musikklubbane kjem og går, så det er ikkje verst at vi har halde ut så lenge. Eg kan nok love at Musikklubben vil arrangere fleire konsertar i år enn til vanleg, smiler Kvalheim.