– Turnéplanen for 2018 viser at Steinar berre blir meir og meir ettertrakta både med band og som soloartist. I countryduoen har han med seg vokalist og keyboardist Sissel Lunde Sundby. Ho spelar også i Steinar Engelbrektson Band, og bidrar med låtskriving og vokal på den nyaste plata, heiter det i ei pressemelding.

– Sixpack er eit partykonsept som leverer dans, allsong og fest ut frå eit enkelt motto; vi skal ha det moro! Flott lyd- og lysdesign, kombinert med låtar frå kjente artistar som publikum har svinga seg til og sunge til i fleire tiår, slår alltid an, heiter det vidare i meldinga.