– Vi startar med «utebursdag» 21. januar. Kom deg ut-dagen er blitt ein nasjonal turdag med arrangement vinter og tidleg haust. I år legg vi vinterdagen til DNT sin stiftingsdag, og feirar med leikar og aktivitet for liten og stor, opplyser DNT i ei pressemelding.

Lokalt inviterer Barnas Turlag Vågsøy til Kom deg ut-dag på Moldøen. Her blir det blant anna quiz og mat i det fri.

Barnas Turlag Stadlandet arrangerer tur til sanden på Drage. Der kan barna leike på stranda eller klatre på steinane. For dei som vil gå, bruke sparkesykkel eller rulleskøyter kan ein nytte vegen mot Fure. Turlaget stiller med bålpanne.

I Eid blir det Kom deg ut-dag på Tua. Her blir det skileik, aking, grilling og turtipp med trekking av premiar.

Har du tenkt deg ut på tur, eller skal du delta på eit arrangement denne dagen ?

Del dine turopplevingar med Fjordenes Tidende sine lesarar.

Du kan sende bilder til fjt@fjt.no eller bruke emneknaggen #fjtno på Instagram.