– Eg er ikkje redd for ansvar, men det er klart ein er audmjuk for den jobben ein skal gjere. Eg tenker at dette er ei moglegheit for meg til å kunne påverke meir. Så lenge eg føler at eg har noko å bidra med og gode idear, så er eg glad for å få sjansen og tilliten, seier Berntzen, som startar i jobben 1. mars.

Du kan lese meir om «Likestilt» her.

Kvinner med bein i nasen

Når Berntzen ikkje dirigerer eller underviser andre, syng ho saman med sju andre damer i det nystarta ensemblet Silisium Vokal. Dette er noko ho vil halde fram med vidare.

– Eg er jo innflyttar, men eg tenker at kvinnene her ved kysten alltid har vore sterke. Sjølv om ein i kysthistoria har hatt eit fokus på menn, stod det sterke kvinner bak desse mennene. Den dag i dag har kvinnene på kysten bein i nasen og er ikkje redde for ei utfordring, understrekar Berntzen.

«Arveleg belasta»

At det vart musikk og kultur 44-åringen valte som karriereveg kom ikkje som ei overrasking. Berntzen vaks opp i Stange kommune på Hedmarken i ein musikkinteressert familie.

Etter tida på musikklina der Berntzen tok klassisk song som hovudinstrument drog ho til Universitet i Oslo der ho studerte jazzsong. Musikkstudiet vart fullført på Griegakademiet i Bergen, der Berntzen tok hovudfag i Etnomusikologi. Ei grein av musikkvitskapen som søker å forstå rolla til musikk i ein kultur.

Eit rikt kulturliv

I 2006 flytta Grete og mannen Trond til Kalvåg, der Trond kjem frå, og det tok ikkje lang tid før musikkentusiasten vart dirigent for Svelgen songlag. Noko ho framleis er i dag.

Sidan 2009 har ho vore aktiv i kulturskulen som lærar og rektor. Sistnemnde rolle tar ho med seg vidare i form av at ho skal vere både kultursjef og kulturskulerektor.