Kart over gamle sagn:

Her kan du finne skumle historier fra ditt nærområde

Norge er full av gamle sagn om varulver, hekser og spøkelser. I et nytt interaktivt kart kan man finne historier fra flere steder i ytre Nordfjord.

Det interaktive kartet viser blant annet en gammel spøkelseshistorie fra Selje kyrkje. Illustrasjonsfoto: Siri Kolseth 

Kultur

Kartet er utviklet ved Universitetet i Oslo, og byr på skumle historier fra hele landet.

En av historiene man kan finne på nettstedet er en gammel historie fra Selje og Selje kyrkje. Historien heter De dødes messe, og lyder slik (oversatt til nynorsk):

"Ein plass var der ei dame som hadde tenkt seg til morgongudsteneste 1. juledag. Då dama vakna midt på natta oppdaga ho at det var lys i kyrkja. Ho meinte presten var tidlege på føtene, men ho skunda seg fordi ho gjerne ville nå preika/gudstenesta. Då dama kom inn i kyrkja høyrde ho eit langt, djupt sukk. Ho fann plassen sin, men ho syns det var underleg mørkt og stilt i kyrkja. Presten stod ved alteret, men jo kjende han ikkje att. Då ho skulle til å sjå betre etter, kjende ho att Gamlepresten som hadde vore død i mange år. Dama såg seg rundt. Nokre kjende ho og nokre ikkje. Då såg ho i stolen ved sidan av seg ei kone som ho kjende. Det var nabokona som var gravlagt for mange, mange år sidan. Nabokona nikka og lente seg attåt benken og kviskra at dama måtte sjå å kome seg derfrå mens ho enda kunne. Når presten var ferdig var dei det også. Men ho måtte endeleg hugse på å løyse på kleda. Dama lét seg ikkje be to gonger. Men ho var ikkje før kome seg ut av kyrkja før dei andre kom bak ho. Dama sprang og dei andre bak ho. Dei fremste nappa ho i kleda, men dama fekk dei ikkje tak i. Ho hadde gjort som nabokona hadde sagt, løyst på kleda, og utan kle kom ho seg endeleg i hus og fekk lata att døra."