– Det er elevane sjølv som har skrive manus og tildelt roller. Førestillinga handlar om eit trekløver som er veldig interessert i strikking og spøt. Dei har veldig lyst til å vinne eit spesielt spøt på eit lotteri og dei vinn førstepremien, men så viser det seg at dei har tatt lodd på feil bok, og endar opp med å vinne ein tur til Spania, fortel lærar Marilyn Osmundsvåg, som saman med lærar Arve Åhjem har hjelpt elevane.

Elevane har bestemt seg for å ha tre framsyningar. Premiere fredag og to førestillingar laurdag. Det blir også kafé der det er høve til å kjøpe rundstykke, kaffi og kake. Inntektene går til ein klassetur som elevane skal på til sommaren.