Namn: Dan Aasebø

Alder: 46

Adresse: Folkestad

Sivilstatus: gift

Yrke: rektor i kultur-skulen i Eid

Hobby: musikk, og så spelar eg i band

Aktuell med: er med å arrangere UKM i Eid i Operahuset Nordfjord søndag

– Korleis går førebuingane?

– Førebuingane går for så vidt bra. Vi har ikkje 100 prosent kontroll enda, men eg trur vi ligg bra an.

– Kor mange har meldt seg på arrangementet?

– Vi har 30 påmelde deltakarar. Det blir 18 innslag fordelt på scene og utstilling.

– Korleis er dette talet samanlikna med tidlegare år?

– Vi er eigentleg på same nivå som i fjor. Det kunne godt ha vore med fleire, spesielt på kunst der vi i år har to påmelde bidrag. Samstundes hadde vi berre eitt bidrag på utstillinga i fjor, så det går rette vegen. Men vi må nok jobbe litt annleis i forkant for å få med fleire.

– Kva aldersgruppe er det som deltek på UKM i Eid?

– Vi har deltakarar frå 12 til 18 år, så det er ei god fordeling.

– Kva skal ungdomane vise?

– Vi har ein pianist, band, strykarar, dansarar, song og utstilling, så det er god breidde.

– Kor mange går vidare?

– Det er fem innslag frå scena og fem utstillingsbidrag som kan gå vidare til fylkesfestivalen. Men kven dette blir er opp til juryen å avgjere.

– Er ungdomane involvert i andre delar av mønstringa?

– Vi har prøvd å få med ungdomsrådet som jury og i tillegg er det ungdomane sjølve som tar konferansierjobben. I år er det Solveig Laukeland Djupegot som skal leie programmet.

– Kor viktig er samarbeidet mellom UKM og Kulturskulen?

– Det er unekteleg viktig. Det vi kanskje har bomma litt på er å få med dei som ikkje går på kulturskulen. Vi kjem til å ta ei evaluering på korleis vi kan engasjere fleire ungdomar. Det er andre aktivitetar som vi i kulturskulen ikkje tilbyr, men som sorterer under kultur.

– Kvifor er UKM viktig?

– I Eid er det mange andre arenaer å vise seg fram på for ungdomen, og det er heilt sikkert variabelt kor viktig UKM er frå kommune til kommune. Men vi vil gjerne bevare UKM på ein best mogleg måte. Det er ein god stad å begynne.