Oppmodar alle om å kle seg ut

Laurdag er det klart for Vikingfest i Turnhallen. I løpet av kvelden blir det fakkelprosesjon og premiar til dei med best vikingkostyme.

Under Vikingfest, som blir arrangert i Turnhallen laurdag, skal deltakarane gå i prosesjon til fyllinga i sentrum der dei skal sette fyr på ein båt. Arkivfoto: Marianne S. Rotihaug 

Kultur

– Vi oppmodar alle om å kle seg som vikingar, og det blir premieutdeling for beste kostyme til mann og dame. Men det er sjølvsagt lov å kome utan å kle seg ut, smiler Per Kåre Nybakk, som er leiar for komiteen som arrangerer Vikingfest etter mal av shetlandske Up Helly Aa.

Nybakk fortel at det framleis er mogleg å få seg billettar til arrangementet, og at dei vil selje billettar i døra.

– Vi håpar å fylle opp litt meir enn vi gjorde i fjor.

Vikingfesten vart arrangert for første gong i fjor, og arrangøren fortel at det blir meir eller mindre over same mal.

– I Turnhallen kan folk møtast og pratast før det blir fakkelprosesjon til fyllinga i sentrum der det blir båtbrenning. Etter det går vi tilbake til Turnhallen der det blir fest for alle pengane. Der skal PaulZindres spele, vi skal skåle til Lerwick slik dei har gjort for oss i alle år, og det blir dans og matservering, forklarar Nybakk.