50 personar møtte tysdag opp på samfunnhuset i Kjølsdalen for å få meg seg generalprøva.

– Vi er veldig gira før NM. Stykket sit, og meistringsfølelsen er på topp. Korpset er i mine auge det med høgast trivselsfaktor i Nordfjord, seier leiar i musikklaget Anne-Britt Nor.

Ho og dei 29 andre medlemmane skal spele stykket Prizewinners.

– Det er eit veldig gjennomsiktig stykke. Om nokon spelar feil, blir det lett å høyre, fortel ho.

Nittenårig NM-veteran

Synnøve Berstad (19) frå Kjølsdalen brukar mykje av fritida si på musikken, og har vore med på NM i brass to gongar før. Som styremedlem i musikklaget er ho med på å organisere øvingshelger og den sosiale biten rundt musikklaget. Og ho er ein av åtte medlemmar i bandet, som også spelar i skulemusikken.

– Det er bratt læringskurve når ein begynner i musikklaget. Men etter eitt til to år, så er du inn i det, seier ho.

Berstad føler at sjølvtilliten i gruppa er stor før NM.

– Oppkøyringa har gått bra, og vi har god sjølvtillit. Prizewinners er ei kjekk og utfordrande låt, og folk gler seg til konkurransen, fortel ho.

Deltar for første gong

Marianne Valeberg og Ole-Mathias Nes har tidlegare vore med på NM. Men det er første gongen dei deltar med Kjølsdalen musikklag.

– Det er alltid spanande å spele i konkurransar. Ein veit kva ein går til når ein har gjort det før, seier Valeberg.

– Men sjølv om eg har vore med i «gamet» før, så er det litt nytt kvar gong. Eg gler meg til å framføre stykket vi har jobba med. Kjølsdalen musikklag er eit av dei betre brassbanda i heile fylket. Det held enormt høgt nivå, og det er kjekt å spele saman med så flinke folk. Kjølsdalen og resten av kulturkommunen Eid støttar godt opp om musikklaget. Eg håpar vi klarar å halde oppe rekrutteringa nedanifrå, også i framtida, seier Nes.

– Eg trur NM motiverer yngre folk til å begynne, og halde fram med korpsmusikk. Det er veldig sosialt å vere med i Musikklaget. Dei yngre blir tatt godt vare på, og kan lære av og støtte seg på dei som har haldt på lenge, avsluttar Valeberg.

** Frå våre kommunar skal også Flora-Bremanger brassband delta i NM i brass i helga.