Salen rakk nesten ikkje trekke pusten. Publikum lo seg skakke medan tante Sofie fekk orden på stakkars Kasper, Jesper og Jonatan. Kvart einaste raude sete var fylt av ei lita eller stor rumpe.

Torsdag kveld fekk dei endeleg vise kva dei har øvd på sidan januar.

Kulturarbeidar ved Operahuset Nordfjord, Helga Sundal, fortel at teateret ønskjer å spele med barn og unge frå dei ulike stadane som dei set opp Kardemomme by-stykket. Derfor kontakta dei Montessoriskulen for å høyre om dette var noko dei ville vere med på.

Ho synest alltid det er kjekt med Riksteateret på besøk.

– Dei kjem alltid med god kvalitet, det er kjekt. Og no har dei jo også ein ny vri der dei ønskjer å involvere lokale. Det er ikkje ofte dei får vere med på scena, seier ho.

Rektor Thomas Hals synest førespurnaden frå Riksteateret var spennande.

– Vi spurte dei elevane vi visste var glade i å synge, og som hadde vore på ei scene før, seier han.

Elevane frå Kjølsdalen har gleda og grua seg i lang tid. Etter førestilling fann vi dei i green room saman med dei andre skodespelarane.

– Eg og Erik Mathias var dei første på scena, og det var litt skummelt. Og det var jo fordi det var cirka 550 stykk som såg på, seier Vårin Erviksæter. Dei andre nikkar einig.

– Ja, bryt alle ut i kor.

– Det eg tenkte då eg såg dei var at eg ikkje måtte gjere noko feil, seier Vårin.

Vi spør også om dette gav meirsmak. Nok eit ja frå dei fire nybakte skodespelarane.