– Stor stas - og ein stor klapp på skuldra til alle som var med på den store Malakoffdugnaden, skriv festivalen på si Facebook-side.

Norske Konsertarrangører (NKA) har sidan 2001 delt ut kollegaprisar til dyktige arrangører i medlemsmassen.Fredag 2. mars er det klart for prisfest med høgthengande kåringar frå konsertåret 2017, skriv NKA på sine nettsider.

Om Malakoff skriv NKA: «Malakoff Rockfestival er eit fyrtårn for rock i vestlandsregionen. Festivalen leverer kunsterisk innhald av høg kvalitet til eit stort publikum. Barn, ungdom og vaksne fekk sommaren 2017 oppleve eit ekstraordinært artistprogram på tettstaden Nordfjordeid i Sogn og Fjordane. Malakoff er i dag ein av landets største festivalar, og ein institusjon som skapar identitet, enorm stoltheit, dugnadsinnsats som er heilt i særklasse og bulyst i distriktsnorge.»

Torsdag vart det også kjent at det Malakoff omtalar som høvdingen av R&B og hiphop, Unge Ferrari, kjem til årets festival. Artisten skal spele på torsdagen under festivalen.