– Eg kjende på meg at han var den rette. Eg sette meg i bilen og køyrde i 18 timar frå Rognan til Kalvåg. Eg køyrde på lengsel og kjærleik, fortel Monica, som møtte sin utkåra første gong ved bensinpumpene i Kalvåg ein kveld i 2009 etter å ha møtt Denis på nettforumet Nettby.

– Eg vart heilt mo i knea. Etter fem minutt var vi sambuarar og etter 20 minutt fridde han. Eitt år seinare var vi gift og året etter fekk vi Gabriel.

I dag bur Monica framleis i Kalvåg saman med mannen ho møtte på internett for ni år sidan. To har blitt til fire, og Monica har endeleg fått tid til å utvikle den kreative sida si.

Les meir om Likestilt her.

Måling som terapi

43-åringen er opphavleg frå Sarpsborg, og er fødd og oppvaksen i ein familie som verdset kreativitet.

Men det er ikkje før i vaksen alder at Monica har utforska desse sidene ved seg sjølv. Det var dramatiske hendingar på jobb og på heimebane som gjorde at ho hadde eit behov for å uttrykke seg på ein ny måte.

– Eg hadde eit veldig tøft svangerskap, som vart avslutta med eit akutt keisarsnitt. Den yngste sonen min er fødd med ein hjartefeil. Han vart operert to månadar gamal, og er i dag ein frisk 4-åring. Samstundes hadde eg ei ekkel oppleving på jobb som parkeringsvakt i Florø. Det var rett og slett summen av mange hendingar som kom tilbake, forklarar Monica.

– Eg trudde ikkje at eg hadde det i meg. Eg kan ikkje teikne ei kråke ein gong, ler ho.

Monica fann raskt ut at oljemåling ikkje var noko for henne, men kjende likevel på at ho hadde mange kjensler som måtte ut på lerretet.

Seinare har kunstnaren eksperimentert med bivoks, akryl og epoxy. I dag har ho landa på stoffet resin.

– Det er eit to-komponentsstoff som eg blandar pigment i og målar med. Når ein ventar i 72 timar, så er stoffet steinhardt, forklarar Monica.

Første utstilling på heimebane

Med smått og stort har det blitt om lag 150 verk sidan Osborne tok i penselen for første gong. Ho har vist fram både teknikkar og ferdige verk i blant anna USA, men tidlegare denne månaden presenterte 43-åringen kunsten på sjukeheimen i heimbygda.

Monica målar abstrakte måleri, som alle speglar att kjenslene hennar.

– Eg blir inspirert av eigne kjensler. Det er trongen til å få ut det som ligg inne i hjartet når eg ikkje klarar å snakke om det. Eg har vore redd for at folk skal sjå mine såraste kjensler. Men ei venninne sa til meg at det er ikkje sårheita, men styrken min. Hadde eg ikkje hatt denne styrken, så hadde eg ikkje vore her.

– Eg tenker at kunst gjer noko med bebuarane. Det er kjekt å glede dei som ikkje kan gå på galleri, seier kunstnaren, som 17. mars er klar med ny utstilling på Amfi på Nordfjordeid.