Eit par gongar i månaden vert ein ny Utavskåpet-kunstnar presentert i Det kreative rom på Amfi Nordfjord. Ein ynskjer med dette å synleggjere mangfaldet i kreativitet og skaparglede. Det er mange som syslar på med kunstnarlege aktivitetar utan at omverda får sjå kva dei har å by på. Gjengen bak Det kreative rom utfordrar kreative sjeler med å kome ut av skåpet med kunsten sin ved å stille den ut.

Konseptet er no blitt utvida til å gjelde heile Nordfjord og difor presenterar vi no Elise Årdal frå Måløy som har busett seg på Sandane. Ho arbeider med sosiale medier, som skuleassistent og vikar på Vinmonopolet. Ho fotograferar eigne og andres prosjekt, og har tidlegare jobba som journalist i Bergen.

– Det var kjærleiken som fekk meg attende til Nordfjord, seier Elise som svar på spørsmålet om kvifor ho valde å  flytte frå Bergen.

Elise teiknar motiv som består av prikkar.

– Før journalisttida mi, i 2010, byrja eg å teikne prikkar, og eg har prikka sidan. Prikking er ei form for kontrast til dei svært konkrete produkta eg har arbeidd med dei siste åra i avis og sosiale medium. Difor prikkar eg som oftast abstrakt. Det er artig å sjå korleis motivet utviklar seg på papiret, fortel Elise.

– Målet med arbeida eg har jobba med no, er å samle prikkane i eit større format for å sjå korleis desse små og store punkta gjer seg på avstand, og korleis dei oppfører seg når ein ser på dei heilt nært, seier Elise og føyer til at ho ofte høyrer på lydbok når ho «prikkar».

– Ofte skal ein kunstnar fortelje noko til publikum og invitere sjåaren inn i kunstnarens univers, men førebels så jobbar eg berre med å bygge opp universet - eg har ingenting å formidle enno. Det er litt skummelt å seie, men slik er det. No er verket berre det ein ser - prikkar. Samtidig håpar eg folk flettar sine eigne tankar og meiningar inn i illustrasjonane. Kanskje ser ein noko eg ikkje har sett? Eg tykkjer alltid det er spennande å høyre kva andre legg merke til i bileta mine, legg ho til og smiler.

Det er blant anna bilete frå serien «Prikkelandskap» ho presenterar på Det kreative rom. Serien har vore utstilt på Prøverommet og Nobel Bopel i Bergen.