– Dette er den første songen eg skreiv på norsk. Så det er litt ekstra skummelt. Jo skumlare det er, desto betre kjennest det, smiler måløyværingen.

Songen er ifølge låtskrivaren rett og slett ei kjærleiksvise.

I januar gav Jørn ut sin første singel på norsk, Ta meg dit. Den har blitt plukka opp av programmet Norsk på norsk på P1 og er lista på NRK Sogn og Fjordane.

– Eg har fått overveldande gode tilbakemeldingar heile vegen. Eg har fått ekstremt mange fine meldingar frå folk som har høyrt songen. Den har treft noko i dei, og det var akkurat det eg håpa på, seier Trollebø.

I månadsskiftet kjem musikkvideoen til den første singelen, og i april er det venta å kome nytt materiale frå artisten.

– Vi har vore og miksa ferdig singel nummer tre. Den kjem forhåpentlegvis i april. Og så skal eg i studio å spele inn nummer fire om ikkje så lenge. Den gode responsen på singel nummer ein, gir driv og motivasjon, forklarar Trollebø.