– Vi har øvd inn kjærleikssongar frå mange ulike sjangrar, så her vert det noko for ein kvar smak. Publikum vil få høyre mykje nytt, der dei flinke solistane våre får utfalde seg saman med koret. I tillegg til vår eigen gode pianist, har vi fått med den dyktige bassisten Svein Hunnes frå Volda. Så her kjem det til å svinge, seier gospelkoret i ei melding.

Fleire av songarane har vore med i 20 år, andre har nyleg starta i koret, og til saman er ein i dag ein godt samansveisa gjeng på 34 songarar. Heilt sidan starten har Guni Reed vore dirigent og Per Stave har vore fast pianist.

– Vi håpar at mange tek turen til Stadlandet Grendahus 3. mars for å vere med å feire koret, heiter det i meldinga.