– I fjøsen hoppar geitekillingane Josef, Maria og Vibeke rundt, og gjett om dei gler seg til kos og tåteflaske frå ungane! I tunet ruslar Frøken Fryd og vesle Jesus omkring, i lag med hesten, fuglar og Gråtass. Er vêret ille, må nok Gråtass få fri, men hesten gler seg til rideturar uansett vêr, enten ute eller inne i Grindløda. Vi håper å sjå deg!, skriv Hakallegarden.
Her er noko av det andre som skjer i helga:
Bremanger Frivilligsentral inviterer til kulturoppleving med M/S Haugefisk laurdag. Det er oppmøte på Igland og det blir servert fiskesuppe, kaffi og saft.
Det blir karneval på Ninas kro i Svelgen laurdag.
Laurdag 24. februar kan ein sjå utstillinga «Frå ei kvinnes hand» på Galleri Frøya.
Søndag er det bingo på Havly med B.I.L.
Måndag legg Saga Pearl 2 til kai i Kalvåg. Dette er det første cruiseanløpet i bygda noko sinne. Cruiseturistane skal på guida busstur, på besøk til Hjortegarden i Ålfoten og på heimebesøk i to hus i Kalvåg.
Med ein fersk seksar på terningen for si siste plate Kløyvd kjem Odd Nordstoga til Nordfjordhallen allereie tysdag 27. februar. Det er framleis billettar igjen.
Bryggja skulekorps, YNB og Bryggja Grendahus arrangerer kvar måndag bingo i Bryggja Grendahus.
Seniornett er fast kvar tysdag i Selstadgården i Måløy. Vågsøy Frivilligsentral
Det er språkkafé på biblioteket i Svelgen tysdag.
Det er Møteplass for seniorar på Skaretun på Raudeberg onsdag 28. februar. Vågsøy Frivilligsentral
Elise Årdal (28) frå Måløy er Utavskåpet-kunstar i Det kreative rom på AMFI på Nordfjordeid. Utstillinga er tilgjengeleg til midten av mars. Elise teiknar motiv som består av prikkar.
Ønskjer du førehandsomtale av eit arrangement på Ettter jobb-sidene? Send oss ein tekst og gjerne bilete til fjt@fjt.no eller ring oss på telefonnummer 57 84 90 00