Konserten har fått namnet Happy, og ifølge skulemusikken er det fleire grunnar til det.

– Grunnen er først og fremst at korpsa skal framføre songen Happy av Pharrell Williams. Denne songen var ein av dei mest spelte i 2014. Men vi er også glad og happy over våren som då forhåpentlegvis er komen, seier Kirsti Svarstad i Bremanger skulemusikk.

Ho peikar på at dei også er happy over samspelet og at dei feirar Norges Musikkorps Forbund som har 100-årsjubileum. I midten av november i fjor kunngjorde kulturminister Linda Hofstad Helleland at 2018 fekk status som eit offisielt «Musikkorpsenes år».

– Ikkje minst er vi happy over å ha med dei kjempegode dirigentane og instruktørane Norvall Klungresæter, Trond Strand og Terje Tafjord med på prosjektet, seier Svarstad.

Konserten finn stad i Bremangerhallen laurdag 7. april.