Arve Hjelle er regiansvarleg for Måløy musikklag sin dansegalla, Late Night Show, som blir arrangert i Samfunnshallen laurdag. Han vart intervjua i vår Fort sagt-spalte fredag:

Namn: Arve Hjelle

Alder: 68

Adresse: Måløy

Sivilstatus: gift

Yrke: kvalitetssjef i Pelagia Feed

Hobby: trening, friluftsliv, musikk og båtliv

– Korleis går det med førebuingane til dansegallaen?

– Vi er i rute. Arbeidet med å bygge scene og amfi til korpset starta søndag, og torsdag hadde vi første øving i Samfunnshallen. Laurdag føremiddag er det generalprøve før det brakar laust på kvelden.

– Kva skal publikum få sjå og høyre under dansegallaen?

– Det blir eit variert musikalsk program. Vi startar showet med songen Olympic Spirit, som ein honnør til dei fantastiske idrettsfolka som underheldt oss under vinter OL. Så går det slag i slag med låtar frå kjende artistar som Kenny Rogers, Dolly Parton, Shakira og Robbie Williams.

– Korleis blir programmet for laurdagskvelden?

– Vi startar med ein aperitiff når folk kjem, og så får dei servert havets festbord. Etter at dei har ete og kosa seg, får dei halvannan time med non-stopp musikk. Gjestane får presenter 17 melodiar, før dei får ein pust i bakken medan åttemannsorkesteret Purple frå Ålesund riggar seg til for å spele opp til dans.

– Korleis går billettsalet?

– Det er utselt, og det tar vi som eit teikn på at det vi har gjort tidlegare har falle i smak. Den største inspirasjonen vi kan få til å sette i gang med å planlegge neste arrangement er at publikum fyller salen.

– Korleis gir ein publikum nye opplevingar frå år til år?

– Maten har vi fått tilbakemelding om at folk er godt fornøgde med. Men med tanke på musikken prøver i å sette saman ein pakke som både 90-åringar og 20-åringar synest er artig og kjekk. Samstundes forsøker vi å lage koreografi til låtane slik at gjestane får både ei visuell og akustisk oppleving.

– Kor viktig er dansegallaen for musikklaget?

– Vi skal ikkje legge skjul på at den er veldig viktig. Det kostar pengar å drive eit korps. Berre arrangementa til dansegallaen kosta om lag 35.000 kroner. Musikklaget har to hovudinntektskjelder og det er nissefesten og dansegallaen.