– Det blir ein fin og idyllisk plass å bu i telt på, seier Roger Igland i Opplev Bremanger.

Dei gler seg over å kunne tilby festivalgjengarane ein litt betre tilrettelagt teltcamp i sommar.

– Tidlegare har det vore skrøpeleg underlag. Så vi hadde ein dugnad i haust, og køyrde på litt jord og mold og fekk det planert. Og så sådde vi også i haust, så til sommaren blir dette ein grøn og fin park, seier Igland.

Iglandsvik Marina

Teltcampen ligg på Iglandsvik Marina som har gjestebrygge, bubilcamp og servicebygg med toalett-, dusj- og vaskefasilitetar.

– Det blir triveleg med litt båtfolk, bubilfolk og festivalgjengarar. Det blir ein fin kombinasjon, seier Igland.

Bremanger Rockweekend går føre seg på Iglandsvik i ytre Bremanger, og festivalcampen ligg berre fem-seks minutt å gå frå festivalarenaen på Havly.

– Her finn ein det meste ein treng for ei fantastisk musikkhelg i havgapet. Havly har pub og kafé, og på Iglandskaia finn du drivstoff for bil og båt, Jokerbutikk og livstilsbutikken Farmen med kafé.

Godt førehandssal

Opplev Bremanger slapp artistpakken til årets Rockweekend allereie i desember, og gler seg over eit svært godt førehandssal.

– Vi er ikkje van med slikt førehandssal som vi har no. Det er litt ekstraordinært. Vi har vel aldri hatt så godt førehandssal, seier Igland.

Han trur at litt av årsaka er at dei har stjernekampvinnar Adam Douglas på plakaten.

– Han er nok ganske vesentleg opp i dette, seier Igland.

Sjølv er han ekstra spent på Rufus Black, som skal spele laurdagen.

– Det er ein gjeng med profilerte bluesrockmusikarar som har samla seg. Det blir enormt spennande. Med Adam Douglas og Odd Nordstoga veit vi jo kva vi får, smiler Igland.