Den lokale eller regionale forankringa er ein fellesnemnar for programmet på den nystarta festivalen. Maria Parr, Hilde Myklebust og Øystein Vidnes kjem alle frå Vanylven, og elles har alle årets artistar tilknyting til Møre og Romsdal.

– Det må også kunne seiast om bergensaren Gabriel Fliflet, som etter ei mengd konsertar på Sunnmøre opp gjennom åra etter eige utsegn har hjarta sitt her. Vi trur han på det, seier festivalsjef Widerøe.

Melodiøs kammermusikk

Det blir ulike scener for artistane som står på programmet. I Åram kyrkje blir det konsertar med Jorun Marie Kvernberg og Gabriel Fliflet torsdag kveld. Fredagen står melodiøs kammermusikk på programmet når pianisten Kato Nogva Flem og fiolinistane Ove Kvangarsnes og Øystein Salhus held konsert.

Åram skule er også arena for nokre av artistane. Her skal Hilde Myklebust lansere den nye diktsamlinga si, Kvar ein fugl, og saman med perkusjonisten Miki Campins framfører ho poesikonserten dei framførte første gong på Høstscena 2017. Mette Karlsvik skal lese frå romanen sin, Mørkerom.

Les høgt for store og små

Høgtlesing er ein sentral del av festivalplakaten. Wilhelm Støylen og Maria Parr skal lese for barn, ungdom og vaksne.

– Maria Parr skal ha høgtlesing laurdagskvelden, og då er det først og fremst vaksne og ungdom sin tur til å bli lesne for. Forfattaren tar oss med til eit nytt møte med den vesle kystbygda Knert-Mathilde, som vi blei så godt kjende med i Vaffelhjarte, og det er duka for mykje drama og sterke kjensler når Lena, Trille og farfar går inn i eit år der dei må kjempe hardt med både seg sjølve og med naturkreftene, heiter det i pressemeldinga frå festivalen.

Vidare på plakaten står også Marit Kaldhol og Øystein Vidnes som presenterer ny og gamla litteratur, og Jan Inge Sørbø held foredrag om den nynorske litteraturhistoria.

Eit punktum for den første Åram pluss festivalen blir sett når musikarane Morten Bollerud og Øystein Salhus rundar av festivalen med tangomusikk.