Brassbandet Ytre Sogn og Sunnfjord Brassband (YSSBB) har fått heile 26.000 euro – over ein kvart million – frå Erasmus+ for å knyte band til skotsk korpsungdom.

Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett med innovasjon og kopling mellom utdanning og arbeidsliv som satsingsområde. Mange søkjer om midlar gjennom programmet og dette nålauget har altså YSSBB kome seg gjennom via ein søknad på totalt 35 sider. Det fortel ein av initiativtakarane, Deborah Ossenkamp.

– Målet er kulturutveksling, og musikk er eit internasjonalt språk. Det gjer det enkelt for ungdommane å få kontakt seg i mellom, seier ho.

– Å oppleve andre kulturar, møte menneske som er vakse opp på ganske ulike måtar er viktig lærdom for unge menneske, held Deborah fram.

Fredsarbeid i praksis

Ideen om Skottland-tur kom då dei ein dag sat og drodla kring melodien Highland Cathedral – som korpset spelar. Den skulle eigentleg bli den skotske nasjonalhymnen. Slik vart det ikkje, men tanken om å få spele den i Skottland var planta.

Anita Løver er prosjektkoordinator ved Frivilligsentralen i Bremanger. Ho har lang røynsle med kulturutveksling blant ungdom.

– Tidlegare heitte dette «Youth in action» og målet er kulturutveksling i tillegg til uformell læring. Det er EU som finansierer det, men det ligg ikkje noko politiske motiv i programmet. Fokuset er å knyte band mellom ulike nasjonar på eit tidleg tidspunkt – kall det gjerne fredsarbeid i praksis, seier Anita Løver.

Fay Løvseth er leiar i korpset og gler seg like mykje som ungdommane.

– Det er veldig inspirerande og vil utvilsamt skape eit unikt samhald blant korpsmedlemmane og mest truleg nye varige venskap over landegrensa.

Ordføraren tek i mot

YSSBB får travle dagar i Skottland. Sjølvaste ordføraren i Perth held velkomsttale for korpset som tel 31 medlemar, 11 av dei frå Bremanger. I Perth skal dei også møte sitt første partnarkorps som dei skal vere gjestekorps hos på «Angus Youth Orchestra» sin årlege konsert.

Seinare skal dei vise presentasjon av Norge og korleis deira kvardag som ungdom er. Dei skal på sekkepipekurs, vere med i undervisning på skotsk ungdomsskule, servere norsk mat og bli servert skotske rettar. Ein kan kanskje tenke at ulikskapen mellom Skottland og Norge ikkje er så stor, men møte med skuleuniformer, nasjonalretten haggis (dyremage) og å framføre musikk i tonefølgje med sekkepipe kan bli ein augeopnar.