– Eg har bestandig fått gode kritikkar for bøkene, og fått mange prisar. Det er mykje breiare interesse no, og alt skjer samtidig, seier Arnfinn Kolerud.

Han held framleis korta tett til brystet, men kan avsløre at han har fått ikkje berre eitt – men to tilbod frå selskap som vil filmatisere Snillionen.

Tidlegare i år vart Snillionen presentert på Books at Berlinale på filmfestivalen i Berlin, som ei av tolv utvalde bøker med filmpotensial – plukka ut av 150 innsende bøker frå 30 land. Tilboda som no ligg på bordet, kjem som ein direkte konsekvens.

– Eg har berre tenkt roman, og ikkje tenkt på at det eg skriv kan passe til ein film. Tydelegvis er det fleire som oppfattar dette manuset her som meir filmvenleg, seier Kolerud, som saman med agenten i forlaget no vurderer tilboda.

– Eg reknar med at dei vil lage ein nokså kommersiell film. Eg likar jo ikkje kommersielle filmar, så eg trur eg kjem til å ligge lågt i terrenget. Det er først og fremst agenten min i forlaget som har peiling på dette, og som eg støttar meg til. Eg har siste ord, men det er ho som kjem til å gje meg råd som eg vil følgje.

– Korleis er det at nokon no vil lage film av boka di?

– Eg vil jo helst at folk skal lese boka, og om nokon lagar film av boka, så er det kanskje fleire som ser filmen enn les boka. Det kan også gi ein dobbeleffekt – at filmen kan skape meir interesse rundt boka, håpar han.

Snillionen kom ut i haust og har fått stor merksemd med fleire nominasjonar, og no sist litteraturpris. Eit andreopplag i pocketversjon er no ute etter at første opplaget vart selt ut.

– Eg merkar at eg får invitasjonar frå litteraturfestivalar over heile landet. Det har stor effekt på framtida.

Snillionen er ei humoristisk forteljing om kor vanskeleg det er å vere styrtrik – og eit godt menneske. Han trur temaet fengjer.

– Eg trur at alle har lurt på kva dei vil bruke ein lottogevinst på. Og så har boka ei flott, gul framside. Eit godt blikkfang. I tillegg har eg fått gode bokmeldingar. Eg trur at det er viktig for mottakinga, seier forfattaren.

Om det no blir film av boka har han planen for premieren klar.

– Viss det blir film, så har eg lovt å kjøpe inn popkorn til alle som kjem. Så håpar eg dei er småspiste, ler han.

Har starta på neste bokprosjekt

Merksemda rundt Snillionen har gitt inspirasjon til nye prosjekt.

– Det fører automatisk til at eg får lyst til å skrive. Så eg har begynt på noko heilt nytt, seier Arnfinn Kolerud, som legg til at det er for ferskt til å gå meir innpå.

Det han kan seie er at den nye boka ikkje blir ein oppfølgjar til Snillionen, men ein ny barneroman. Snillionen er forfattaren si åttande bok, og bøkene planlegg han ikkje så mykje,

– Eg berre begynner å skrive ein plass. Så hender det at eg kjem til ein blindveg, vrakar prosjektet og begynner på nytt på ein annan idé. Det har eg gjort eit par gongar, før eg fekk ideen som no vart boka. Det er bestandig slik eg har jobba. Eg veit ikkje om noko anna, seier Kolerud.

Sjølv om han har skrive mest bøker for barn, er det også vaksne som likar å lese det han skriv.

– Eg merkar på Snillionen at det er mange vaksne som les den og likar den. Eg prøvar å treffe så mange som mogleg, seier forfattaren, som ikkje trur det vil gå fem år før den nye boka er klar.

– Den vil ta to år, om alt går på skjener, smiler forfattaren.

Håpar å få boka omsett til tysk og kinesisk

At Snillionen var på Books at Berlinale, kan opne fleire dører enn «berre» filmatisering.

– Det som er spennande, er det om dette fører til at det blir lettare å omsetje boka, seier Arnfinn Kolerud.

Bortsett frå ei novelle omsett til kinesisk, så får ein for det meste forfattarskapen til Arnfinn Kolerud på norsk. Det kan endre seg no.

– Eg har hatt så mange ordspel i bøkene mine, så eg trur det er heilt umogleg å omsetje, ler Kolerud.

Han trur at Cappelen Damm synest det er lettare å marknadsføre Snillionen no, etter nominasjonen til litteraturprisen og deltakinga på filmfestivalen i Berlin.

Håpet er no at ein kan få omsett boka til tysk, som er den beste marknaden i Europa om dagen.

– Tyskland er den store barnebokmarknaden, og Kina kanskje. Det er der vi har størst håp om å få omsett boka – til tysk først, og så får vi sjå. Så det er ikkje berre film, omsetting er nesten like viktig, meiner Kolerud.

Tettpakka program

Ein følgje nominasjonen til Books at Berlinale og Kulturdepartementet sin litteraturpris, som Arnfinn Kolerud vann sist veke, er fleire invitasjonar til festivalar og arrangement.

– Det har ein stor effekt. Eg skal til Bjørnsonfestivalen i Molde, Dei nynorske festspela i Ørsta, Diktardagar i Lom, Litteratursymposiet i Odda og Falturiltu – den nynorske barnebokfestivalen på Stord, fortel Kolerud.