Eva Weel Skram, Sjur, SOFIA og lokale Oselie vart alle bekrefta til årets utgåve av Malakoff-festivalen i dag.

– Fantastiske og folkekjære Eva Weel Skram tek med seg feiande flott ny musikk og ein sekk full av suksess til Malakoff18. Eva og mannen Thomas inntek Malakoffscena på laurdag for dagens store familiekonsert, skriv arrangørane om sogneartisten.

– SJUR har oppnådd stor internasjonal merksemd med sine offisielle remixar for mellom anna Pitbull, Seeb og James Arthur. Glopparen er i dag ein av dei mest spennande nykomarane frå Noreg, og no kjem topplistekongen til Malakoff!, skriv Malakoff Rockfestival om SJUR.

– Sjå opp for SOFIA! Syttenåringen frå Sandane har bemerka seg med sin klare og særeigne vokal, og er trass ung alder på full fart opp og ut i verda. Det er vanskeleg å ikkje la seg imponere av Sofia Hyttedal, og vi gler oss stort til å få oppleve henne på Malakoff! She’s going places!, skriv arrangørane om den unge glopparen.

Om lokale Oseline Henden skriv arrangørane:

– Det vert superfint for både store og små når Oselie, vinnaren av MGPjr 2017, inntar Malakoffscena denne sommaren. Det er andre året på rad at vinnaren er frå Nordfjordeid, og vi lovar stolt stemning når den lokale jenta Oselie står på scena.