– I kveld gjorde elevane ved Eid vidaregåande skule det igjen. Ei gnistrande forestilling av Skjønnheten og udyret. Rørande, vakkert og profesjonelt til fingerspissane. Fabelaktige rolleprestasjonar av heilt vanlege ungdommar på ein heilt uvanleg skule, sa ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid, om skodespelarane sin prestasjon.

Udyret vart spel av Håkon Bøen og Belle av Sunniva Flaten Brekke. I musikalen fekk vi også sjå blant anna Martha Pavelich som lysestaken Lumiere, Alexa Melheim som golvklokka Cogsworth og Eline Jacobsen Lillestøl som Mrs. Potts.