Etter suksessen i Stjernekamp reiser Didrik Solli-Tangen ut på turné på Austlandet, Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Konserten i Kjølsdalen er den einaste i Nordfjord. Han kjem til Kjølsdalen tysdag 1. mai.

– Ideen bak turneen er det intime og den direkte kontakta med publikum. Difor reiser Didrik rundt med ein enkel produksjon til små kyrkjer for å skape ei unik stemning og ein hyggeleg konsert for alle. Med seg har han pianist Trond Akerø-Kleven, heiter det i ei pressemelding.

30-åringen frå Porsgrunn vil fortelje historia si om korleis songen greip han som 15-åring, den klassiske utdanninga, sigeren i Melodi Grand Prix og vegen fram til der han er i dag.

Publikum får oppleve songane som har prega Didrik og hatt mykje å seie for utviklinga hans. Han syng al frå musikal og pop via opera til viser.

Didrik Solli-Tangen fekk sitt nasjonale gjennombrot med sigeren i Melodi Grand Prix i 2010. I haust imponerte Didrik stort i Stjernekamp på NRK, han kom på andreplass etter Adam Douglas.