– Eg var der for 14 år sidan, så det var veldig kjekt å bli invitert tilbake. Det var veldig artig å oppleve å stå på hockeybana der. Der er 60 meter lang og 30 meter djup, og så var det berre meg. Det er den største scena eg har stått på nokon gon, ler Isak Søraa.

I år var det 17. gong Lillehammer Reveljen fann stad, og Hans Majestet Kongens Garde brukar denne som ei generalprøve for årets drill.

Midt opp i dette stod Søraa. Han hadde eit 20 minutter langt program der han framførte blant anna elvissongane You Gave Me a Mountain, Suspicious Minds og An American Trilogy.

– Det er litt uvant å ha publikum 2,5 meter unna seg, men eg fann meg til slutt ein veg opp til publikum, så eg fekk delt ut nokre skjerf, smiler Søraa, og legg til:

– Det er veldig kjekt å bli invitert og tilbakemeldingane var veldig gode.