– Vi har eit mål om kvart einaste år å ha med ein amerikanar. I tillegg skal vi ha det beste som finst. Dupuis fyller begge desse kriteria. Han er frå Tennessee i USA og er kåra til verdas beste tributeartist. Det skal også nemnast at det tok ikkje mange timane frå vi inviterte han til han bekrefta at han ville kome, smiler arrangør Helge Hjelle.

Amerikanaren Jay Dupuis legg for første gong turen til Måløy. Pressefoto

Nye og gamle vener

Den 9., 10. og 11. august blir den femte utgåva av elvisfestivalen arrangert. I tillegg til amerikanaren Jay Dupuis, kan komiteen avsløre at ein gamal kjenning tar turen tilbake.

– Vi fekk eit nytt kjennskap som heiter Eddie Popescu under festivalen i fjor. Vi var så godt fornøgde med det han gjorde då at vi umiddelbart etter at han hadde gått av scena inviterte han tilbake. Svaret kom like raskt, og det var ja, stadfestar Hjelle.

Eddy Popescu står på programmet til The Norwegian Elvis Festival, som går av stabelen 9., 10. og 11. august i år. Her frå kyrkjekonserten under fjorårets festival.

Sidan den første utgåva av The Norwegian Elvis Festival gjekk av stabelen i 2014 har orkesteret Sideshow Bob under leiing av Per Amundsen vore eit fast innslag. Denne gjengen skal også sørge for at dei rette tonane blir spelt på årets arrangement.

Amundsen er i gang med å arrangere alle låtane, noko som er ein stor jobb.

– I fjor vart det spelt 162 låtar i løpet av festivaldagane. Når nokre av låtane då tar åtte til ti timar å arrangere, og nokre litt kortare, så seier det seg sjølv at dette er tidkrevjande, fortel Amundsen.

Har aldri opplevd slik «kok»

Sjølv om han allereie er godt i gang med årets melodiar blir ikkje arbeidet ferdigstilt før han og bandet er på plass i Måløy i festivalveka.

– Eg får gjort om lag 90 prosent av arbeidet før vi kjem til Måløy. Nokre av artistane vil gjerne gjere nokre endringar. Dei skal jo skal framføre på ein best mogleg måte, og då vi kanskje byte toneart eller i verste fall byte ut nokre av songane.

– Det er eit positivt tviegga sverd å kome hit. Vi har så mykje tillit frå arrangørane si side at vi får stort sett gjere det vi vil. Samstundes er det eit tøft opplegg med øving frå tysdag til første kyrkjekonsert blir sparka i gang. Deretter er det øvingar og show i teltet fredag og laurdag. Når vi då er ferdige er det ikkje mykje futt att. Men det skal seiast at det er veldig kjekt. Eg har aldri vore med på eit slikt kok som det var i teltet festivallaurdagen i fjor.