38-åringen bestemde seg derfor i fjor for å følgje draumen frå studietida, om å få laga ein norskbasert kremlikør, for «kvifor i alle dagar får Baileys ha kremlikørmarknaden for seg sjølv?».

– Så eg sa opp den trygge jobben i fjor og stabla dette selskapet, som heiter Fjording, på beina.

Restauranten i Måløy er blant dei som har teke inn likøren Fjording. Også Aske Gatemat og bryggeri i Eid og Knutholmen i Kalvåg har teke den inn.

Studiane han heldt på med då ideen dukka opp var marknadsføring, og sentralt i namnevalet Fjording var det mykje som stemte.

– Først og fremst så er Fjording eit knakande godt namn som står seg godt på norsk og andre språk. Og så ligg det gode verdiar i å vere ein fjording som eg hadde lyst å ta med inn i selskapet mitt. Vidare ønskte eg å knytte selskapet til regionen vår, som er kjend for fjord og fjell. Om vi skal selje Fjording utanlands, er det å spele på opphavet og regionen viktig.

Den tredje dimensjonen i namnevalet er fjordhesten.

– Då eg bestemte meg for å bli gründer og kunne bestemme ting sjølv, bestemte eg meg for at eg skal donere 1 dollar for kvar selde flaske til fjordhestvenlege initiativ. Eg kjem frå fjordhestbygda Nordfjordeid, bestefar og onkel var hesteoppdrettarar, og eg vaks opp i ei tid på 1980-talet då det var mykje flotte fjordhestar i sving. Så har ein fjordhestsenteret, og ein får med seg utviklinga til fjordhesten med sviktande fødselstal og innavl. Tap av artar og biologisk mangfald er eit stort problem, seier Løkling.

– Om eg kan vere med å backe mitt favorittdyr, så er det eit poeng, seier Løkling, som gir 1 dollar for kvar selde flaske til fjordhestvenlege initiativ. Her på fjordingen Ninni.

Fjording stemte på så mange vis, men om han kan tenke seg å bli nordfjording igjen, så ligg det ikkje umiddelbare planar om det.

– Spørsmålet melder seg jamt og trutt, men sjølv om eg er glad i heimregionen, og har ein del venner og kjende der, og for så vidt eit bra kulturliv, så har eg blitt i Oslo, seier Løkling, som har to barn med kjærasten Mariann Berstad, som også er frå Eid.

Ein halv million i støtte frå Innovasjon Norge gjorde at Løkling frå 1. april kunne drive med selskapet Fjording på heiltid frå kontoret i Oslo. Fram til då jobba han også deltid som konsulent. Bakgrunnen har han som forretningsutviklar og marknadsførar. Å lansere Fjording tidlegare i år ser han på som ein milepæl.

– Vi er eit veldig lite selskap med små ressursar, så det er ein gigantisk milepæl. Vi har stor nok grunn til å vere happy så langt, seier Løkling, som håpar at han i løpet nokre år sel likøren både i Norge og utlandet.