Ytre-Hauge gjekk vidare frå UKM-festivalen i Høyanger med biletserien «Bille I» og «Bille II».

Også Sara Sandvik Arnestad frå Eid kom vidare, og tar med seg dans til låten In this Shirt når UKM-festivalen går av stabelen i Trondheim 25.–29. juni.

Juryen valde å sende vidare totalt fem sceneinnslag og fire bidrag frå kunstkategorien.

Denne helga har 300 ungdommar frå heile fylket fylt Høyanger med liv og røre frå start til slutt.

– Det har vore sceneframsyningar i Høyangerhallen, utstilling på Høyanger vidaregåande skule, nattbad i Høyangerbadet, workshops, konsert i Valhall og mykje leik og moro ut i dei små timane, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane.