Magni Øvrebotten er leiar for NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Ho kjem frå Botnane i Bremanger og bur i Naustdal. Ho har vore leiar for Nynorsk mediesenter sidan starten i 2004.

– I rolla som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane argumenterte ho mot at distriktskontoret i Sogn og Fjordane skulle leggjast under NRK Hordaland. At NRK Sogn og Fjordane fekk halde fram som eige distriktskontor, har betydd svært mykje for nynorsken, og for å få nynorske saker på dagsordenen. Og at NRK Nynorsk mediesenter vart oppretta, var beint fram eit politisk under, seier Sæterbakk, i ei pressemelding.

Sæterbakk peikar vidare på at Øvrebotten har inspirert og motivert mange unge journalistar til å kaste seg ut i den nynorske journalistiske verda.

Magni Øvrebotten var svært glad for å ta i mot Målprisen 2018 og takka varmt for prisen.

– Eg vil takke for at Noregs Mållag har eit slikt sterkt engasjement for nynorsk journalistikk. Det treng vi. Eg har tru på at det no kjem fram ein ny redaktørgenerasjon som er litt meir vågale og slepp nynorsken til, seier prisvinnaren.