Årets utgåve av Malakoff Rockfestival vert arrangert 19.-21. juli og tysdag vart dei siste sju artistane presentert.

Aurora, Satyricon, Lemaitre, Baby in Vain, Castro, Revolt og Jackbow kjem alle til Nordfjordeid i sommar.

Det betyr at årets Malakoff-lineup ser slik ut:

Torsdag 19. juli

Gåte

Honningbarna

Bokassa

Sjur

Heave Blood & Die

Unge Ferrari

Fredag 20. juli

Ghost (SE)

Gabrielle

Vazelina Bilopphøggers

Side brok & Sirkelsag

Halie

Thulsa Doom

Laurdag 21. juli

Wolfmother (AU)

Gluecifer

Thåstöm (SE)

Kjartan Lauritzen

Ondt Blod

Eva Weel Skram

Kristian Kristiansen

Sløtface

I am K

Sofia

Oselie

Speledag ikkje kjend

Aurora

Satyricon

Lemaitre

Baby in Vain

Castro

Revolt

Jackbow

– Vi er superstolte av årets lineup som er det mest rocka, sexy, eksklusive og grensesprengande programmet i malakoffhistoria, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, som fortset:

– Vi tilbyr eksepsjonelle liveartistar i mange musikksjangrar som vil gje musikalske minner for livet. Her er store og små artistar som folk kjenner til frå før, men samtidig så er det vår rolle å tilby artistar som folk ikkje visste at dei ville ha. Vi er med andre ord ekstatisk begeistra av lineupen totalt, og relativt kry av å kunne tilby artistar som Ghost og Wolfmother eksklusivt på Malakoff, i tillegg til mange andre artistar som berre spelar påMalakoff i vår vestlandsregion.