Jukebox er rett og slett ein ønskekonsert med Tor Endresen, Rune Larsen, Katrine Moholt og eit eminent band. Dei har plukka ut favorittlåtane sine frå dei glade 1950-, 60-, og 70-åra.

19 stader over heile landet skal dei besøke til våren. Operahuset er einaste konsertstad i Nordfjord, dei skal også til Florø, Førde og Ulsteinvik. Billettsalet er allereie i gang, og etter kvart kan publikum stemme på kva songar dei skal få servert på konsert.

– I snart 30 år har Rune Larsen og Tor Endresen vore nærast definisjonen på musikkglede, allsong og gode poplåtar frå dei siste seks tiåra, heiter det i ei pressemelding frå arrangøren.

Dei starta i 1989 med Lollipop, ein av dei største TV-suksessane gjennom tidene. Hundretusenvis sat klistra framfor skjermane kvar helg og song med når Larsen og Endresen drog den eine pop-perla etter den andre opp frå skattekista.

Topp band, populære gjesteartistar, brylkrem, strålande framføringar av kjende og kjære låtar - og ikkje minst - Larsen sine paljettstrødde dressjakker, var oppskrifta på suksess på både TV og etter kvart plater og turnear. Etter Lollipop følgde nye fjernsynsprogram som Scala og Casablanca, begge med suksessduoen Larsen og Endresen i førarsetet. Rune Larsen heldt også etter dette fram med populære musikkprogram som Larsen Spesial, Noteknekk og Absolutt Norsk.

Sidan starten har Rune og Tor heile tida halde på sitt musikalske samarbeid, både på scena og fjernsyn, og dei siste åra har dei årleg fylt konsertsalar rundt om i landet med sine show. 2018 blir ikkje mindre hendingsrikt, tvert imot! Året startar med at vi får møte Tor Endresen i storform på TV2 i «Hver gang vi møtes». Deretter tar han med seg Larsen på turné.

Katrine Moholt blir med Tor Endresen og Rune Larsen på turneen.

– Heile Norge si allsongdronning har i over ti år leia allsongen på Fredriksten Festning i Halden - eitt av dei aller mest populære sommarprogramma på TV2. Der har vi fått oppleve stjerner frå inn- og utland framføre sine aller mest kjende og kjære hits, heiter det i pressemeldinga.