Namn: Anja Midttun

Adresse: Stadlandet

Yrke: avdelings- ingeniør i Selje kommune

Hobby: friluftsliv over heile linja, stisykling, surfing og fjellturar

Aktuell med: arrangerer sin 9. stormkonsert med Children of Mars på Kråkenes fyr fredag 20. april

– Kvifor hadde du lyst å ha ein stormkonsert på Kråkenes fyr?

– Det er jo noko med det dramatiske aspektet som har vore gjennomgåande for stormkonsertane. Det skal vere litt spesielt. Tanken var at konsertane skulle vere på Stadlandet, men så har vi også hatt ein på Selja, som blei veldig spesiell. Og Kråkenes blir sikkert ikkje mindre spesielt. Ein ser jo heile Stadlandet derifrå også!

– Får ein plass til ein stormkonsert i det vesle lokalet?

– Det har vore arrangert konsertar der før og det har gått fint. Men eg må innrømme at det blir spennande. Det viktige er at publikum får ei god oppleving.

– Har det vore stor interesse for konserten?

– Ja, billettane gjekk fort denne gangen. Eg trur vi blir rundt 35 stykke.

– Kvifor valde du Children of Mars til denne konserten?

– Eg har hatt lyst til å lage konsert med dei lenge. Dei er lokale, frå Selje, og Maria Helgesen er godt kjend i kommunen og har ei fantastisk stemme. Det har vore eit ønske å få tak i dei lenge, og no passa det endeleg.

– Prøver du å matche musikken til staden der konserten er?

– Nei, eg tenker at eg har hatt nesten alle slags sjangrar, folkemusikk, viser og pop. Plasseringa er så spesiell at musikken passar uansett. Ein får så god kontakt med musikarane og det blir alltid stemning. Så eg trur ikkje det er slik at det må vere den og den sjangeren for å passe inn. Men når du seier det, kanskje ikkje rockekonsert på Kråkenes fyr.

– Kva var visjonen din då du begynte med stormkonsertar?

– Det er slike konsertar eg likar å gå på sjølv, og få den gode kjensla. Eg kallar det livsnyteri. Det skal ikkje vere noko stress, og det skal vere ei god oppleving frå start til slutt. Folk skal få ein pause i ein elles travel kvardag. Og tilbakemeldingane har vore gode.

– Korleis vel du ut stadane?

– Ønsket mitt er å ha det på plassar som ikkje er vanlege konsertlokale. Eg vil ha det i naust, låvar, spesielle bustadhus som på ytre og indre Fure, Selje kloster. Det skal gi noko meir, og folk skal få bruke alle sansane sine.