Frode Alnæs blei mektig imponert då amatørmusikar Arne Andal entra scena som musikklegenda Gary Moore.

Eitt av dei store høgdepunkta i Samfunnshallen på Tennebø laurdag kveld var då Frode Alnæs inviterte kveldens gjesteartist på scena: Arne Andal frå Måløy. Han hekta på seg gitaren og framførte ein av superstjerna Gary Moore sine mest legendariske klassikarar Still Got the Blues.

– Heilt fantastisk. Dette var stort. For ei stemme og for eit gitarspel, sa ein tydeleg imponert Alnæs då applausen omsider hadde lagt seg.

Frode Alnæs var ein av frontfigurane i bandet Dance with a Stranger. Han er mest kjend som gitarist og låtskrivar, men er også ein fantastisk vokalist. I to og ein halv månad har den folkekjære artisten frå Kristiansund reist med førestillinga Min dans med strenger. Konserten i Måløy var den nest siste av totalt 33.

Les meir om kva Frode Alnæs meinte om Arne Andal  sitt gitarspel og omvendt i papiravisa tysdag.