Eitt av dei store høgdepunkta i Samfunnshallen på Tennebø laurdag kveld var då Frode Alnæs inviterte kveldens gjesteartist på scena: Arne Andal frå Måløy. Han hekta på seg gitaren og framførte ein av superstjerna Gary Moore sine mest legendariske klassikarar Still Got the Blues.

– Heilt fantastisk. Dette var stort. For ei stemme og for eit gitarspel, sa ein tydeleg imponert Alnæs då applausen omsider hadde lagt seg.

Frode Alnæs var ein av frontfigurane i bandet Dance with a Stranger. Han er mest kjend som gitarist og låtskrivar, men er også ein habil vokalist. I to og ein halv månad har den folkekjære artisten frå Kristiansund reist med førestillinga Min dans med strenger. Konserten i Måløy var den nest siste av totalt 33.

Frode Alnes med band spelte i Samfunnshallen laurdag der Arne Andal (t.v.) frå Måløy var gjesteartist. Vidare ser vi Frode Alnæs, Morten Huuse, Knerten Kamfjord og Henrik Langerød. Begge

Livet med gitaren

Konserten handlar om hans liv med gitaren. Han ville bli rockestjerne og ville aller helst ha langt hår. Men ein sjukdom som gjorde at han mista alt håret som 12-åring forandra mykje. Men Alnæs gav ikkje opp draumen om å bli musikar og gitarist, og vi fekk høyre mange historier frå livet hans som ikkje berre var ein dans på strengar.

Dei over 250 som møtte opp i Samfunnshallen fekk høyre Alnæs by på seg sjølv, og hylle mange av sine musikalske heltar. Han serverte mange musikalske perler og krydra det heile med muntre og tankevekkande kommentarar.

Fekk med seg Arne

På kvar konsert har Alnæs invitert med ein lokal artist. I Måløy var det Arne Andal som blei invitert med.

– Eg kunne ikkje seie nei til dette. Sjølv om det var litt skummelt å stille opp saman med ein så dyktig gitarist som Frode Alnæs, så kunne eg ikkje late denne sjansen gå frå meg, seier Andal.

Arne Andal både spelte og song på scena saman med Frode Alnæs.

Han bestemde seg fort for kva melodi han ville framføre. Andal ville gjerne at Alnæs skulle synge og at han sjølv kunne spele gitar. Men Alnæs var ikkje eit sekund tvil om at Arne Andal skulle synge sjølv.

– Arne har ei fantastisk stemme og spelte like fantastisk på gitar. Dette var skikkeleg stemningsfullt og moro. Andal er ein av dei beste gjesteartistane vi har hatt med på turneen, seier Alnæs til Fjordenes Tidende.

– Det var skikkeleg moro å spele saman med eit så godt band, og ikkje minst saman med Frode Alnæs som er eit unikum på gitar. Eg følte det gjekk bra, seier ein fornøgd Andal etter konserten.

Dagleg leiar Ronny Silden Totland i Nordfjordhallen var eit stort smil etter konserten.

– Dette var aldeles topp. Vi fekk mykje skryt frå publikum. Dette er noko av det beste som har vore i Nordfjordhallen siste åra.