Larsson hadde ikkje rørt pianoet på heile 14 år før han trefte musikkvenninna i Ervik.

– Det er grunna karriere og familie. Eg har alltid brukt musikken som ein måte å uttrykke kjensler og bearbeide kvardagen på. Så no er det fint å ha kome i gang med musikken igjen. Maria si fine stemme og havlyset inspirerer meg, fortel Larsson.

Fredag kveld spelte duoen på Kråkenes fyr under den niande stormkonserten.

Er musikkrealistar

Jonas Larsson og Maria Helgesen arbeider begge i Selje kommune. Han som fastlege og ho som koordinator for livskvalitetsprosjekt på Seljetunet, i tillegg til arbeid med born og unge i kommunen.

På fritida lagar dei musikk og gjev ut singlar under namnet Children of Mars. Han lagar melodi og tekst, medan Helgesen kjem med idear til tekst. Ho sit gjerne heime i stova når ho lagar musikk. Samarbeidet skjer over nettet. Ofte sender dei også songar til Larsson sine svenske musikkvener, Bjørn Lodmark på bass og Sven Larsson på gitar.

Helgesen er, i tillegg til Children of Mars, med i coverbandet Plastic Madness, ho er trubadur saman med Bjørn Inge Berge og med i familiekoret Helgesenkoret.

På spørsmål om dei skal satse meir på Children of Mars seier dei begge at det må vere lystbetont.

– Litt nye og fleire songar blir det vel, smiler Helgesen.

– Vi har ein heil haug med songar på vent som vi skal spele inn. Eg trur både eg og Maria er realistar når det gjeld musikk som levebrød, men det er klart at vi ønsker å halde fleire konsertar. Musikk er eit krydder i livet. Vi satsar på å halde full bandkonsert i september. Då vert det Children of Mars saman med Swedish Spacecakes, legg Larsson til.

Til no har dei laga åtte singlar. Den siste songen Storm har nyleg vore spelt på NRK Sogn og Fjordane. Songen laga dei opphavleg til årets Melodi Grand Prix. Helgesen fortel at eit hårete mål hadde vore å fått med ein song der.

– Det hadde vore kult å fått med ein song på MGP når vi først har prøvd, smiler ho.

Kjøpte billettar med ein gong

På Kråkenes fyr var meir enn 30 menneske samla for å vere med på stormkonsert nummer ni i rekka.

To daglegstover var krydra med stolar i alle fasongar og fargar. Utanfor bles det, regnbyer og skodde passerte. Havet var roleg blått. Sola gjekk sakte, men sikkert ned bak skyene og horisonten. Kvar einaste stol var oppteken og alles auge var retta mot dei to musikarane frå Selje som leverte fine rytmar og hjarteskjerande songtekstar.

Eidarane Sølvi Nordnes og Nils Anders Sørland hadde tatt turen til kysten for å oppleve noko litt utanom det vanlege.

– Vi såg at det låg ute billettar, og så syntest vi det var spesielt at det skulle vere her ute. Vi skunda oss å kjøpe billettar for å få det med oss, seier Nordnes.

– Eg tenkjer at musikken er litt irskinspirert. Det er gjerne musikk som ein syng ut mot havet. Musikken passar godt til miljøet, og kjem verkeleg til sin rett, seier Sørland.

Lenger bak i lokalet sat Arny Borgundvåg og dotter Rita Borgundvåg saman med Grete Fure. Dei kom heile vegen frå Stad for å få med seg den spesielle konserten. Alle synest det var ei kjekk oppleving.

– Det er lenge sida eg har vore her ute, så det var veldig kjekt, seier Arny Borgundvåg.

Arrangør Anja Midttun var svært nøgd med stormkonserten på Kråkenes fyr.

– Konserten blei heilt magisk. Den trefte fleire. Og eg trur folk kosa seg. Den passa i alle fall perfekt inn i konseptet mitt, seier Midttun.