Dagleg leiar Magni Hjertenes Flyum ved Norsk Fjordhestsenter er medarrangør for hingsteutstillinga for fjordhest på Nordfjordeid 2.-5. mai. Ho er intervjua i vår Fort sagt-spalte:

Namn: Magni Hjertenes Flyum

Alder: 42

Adresse: Nordfjordeid

Sivilstatus: gift

Yrke: dagleg leiar på Norsk Fjordhestsenter

Hobby: strikking

– Utstillinga går over fleire dagar, kva står på programmet?

– Det blir veldig tradisjonelt. Vi skal ha utvida bruksprøve for dei hingstane som er kåra tidlegare, og så er det utstilling og kåring av dei beste treåringane. Vi startar tysdagen, så det blir mykje som skjer for hestefolket heile vegen med konferansar og årsmøter. Laurdagen blir det fleire aktivitetar i sentrum og opptog av hingstane.

– Finst det eit høgdepunkt blant alle desse programpostane?

– Det må vere kåringa som går føre seg laurdagen.

– Kor stor er hingsteutstillinga på Nordfjordeid?

– I år er det 31 hingstar, noko som er fleire enn i fjor. I tillegg har vi mellom 1.500 og 2.000 publikummarar totalt i løpet av desse fem dagane.

– Kvar kjem deltakarane frå?

– Hingstane kjem frå heile landet. Om ein tenkjer på publikum, så kjem dei også frå heile Norge og utlandet. Spesielt kjem det mange tilreisande frå Tyskland, Nederland, Belgia og USA. Det er mange som har det som ein fast aktivitet å reise på hingsteutstillinga. Mange kjem att år etter år.

– Kor lenge har ein arrangert hingsteutstillinga i Eid?

– Den første hingsteutstillinga vart arrangert i Nordfjord i 1866. Frå 1886 og framover har den vore fast på Nordfjoreid.

– Kor viktig er utstillinga for fjordhesten og for Eid?

– For fjordhesten er den kjempeviktig. Det er det viktigaste avlstiltaket, og ein stad der ein får vist fram og vurdert hestane. Når det kjem til Eid, så er det slik at om ein møter noko som veit litt om fjordhesten i utlandet, så veit dei også kvar Nordfjordeid er plassert.

– Korleis er situasjonen for fjordhesten per i dag?

– Det er ein nedgang i tal fødde fjordhestar. Vi er på eit nivå der vi må jobbe aktivt for å auke kunnskapen og vi må vere bevisste med tanke på avl. Vi har jobba mykje med å auke kunnskapen, dele informasjon og auke bevisstgjeringa for dei som har hestar og avlar. Det ser ut til å fungere.