– Kvart år har det vore i auke i interessa for arrangementet. Programmet er vel eigentleg eit plagiat frå tidlegare år. Det blir ei stor felles parade frå Svelgen via Bremanger og til Kalvåg, forklarar president Kjell R. Larsen i MC-klubben.

I Kalvåg skal unge lokale musikktalent få vise seg fram for publikum, og det blir utstilling av syklar, ein del underhaldning, kiosk og loddsal.

– I utgangspunktet er det ungdomen som er målgruppa, så det er kjekt å gje dei moglegheita til å vise seg fram på dette arrangementet, seier Larsen.

Njords Men MC tel i dag 16 medlemmar i hovudklubben og 6–7 medlemmar i supportklubben. Bakgrunnen for arrangementet i Bremanger var ein ung gut som tok livet sitt grunna langtidsmobbing. Dette utløyste ein nasjonal aksjon frå MC-miljøet, og mange klubbar, som Njords Men, har tatt dette ned på lokalt nivå.

– Vi veit at det er ein del ungdomar, også lokalt, som slit. Kan vi vere med å bidra litt, så er det veldig fint, og noko alle medlemmane i klubben støttar, understrekar Larsen.